Takk til Sparebanken Norge
- sofie hausberg
- 27. okt.
- 1 min lesing
Takk til Sparebanken Norge- ein uvurderlig støttespelar for Os Turnforening!
Os Turnforening er for tida godt i gang med planlegging av renoveringa av klubbhus og garderobeanlegg, og vi håpar snart å kunne starte det fysiske arbeidet. Vårt største prosjekt er vår gode støttespelar Sparebanken Norge, som bidreg med heile 3 millioner kroner. Det set vi utruleg stor pris på- meir enn vi klarer å få sagt!
Totalt har Sparebanken Norge støtta Os Turnforening med over 6 millionar kroner dei siste fem åra, noko som er heilt fantastisk.
Vi i Os Turnforening set enormt stor pris på det gode samarbeidet med Sparebanken Norge, og vi oppfordrar alle våre medlemmer til å bli kunde i den lokale banken vår.
Jo fleire lokale kundar- jo meir støtte til klubben vår!





Kommentarer