OsVeggen - Bli med på laget til Os Turnforening!
- Vegard Leikvoll Moberg
- 23. okt.
- 1 min lesing
Oppdatert: 17. nov.
No har du muligheten til å bli synleg i Os Turnforening sitt renoverte klubbhus - støtt oss og kjøp ein plass på OsVeggen!
Vi skal renovere vårt 50 år gamle klubbhus, og i den forbindelse skal den eine veggen i inngangspartiet dekorerast med namn på privatpersonar og bedrifter som bidreg til prosessen med å få eit moderne og framtidsretta klubbhus.
Ein plass på OsVeggen kostar:
500 kroner for privatpersonar
5 000 kroner for bedrifter
Du kan kjøpe plass til deg sjølv, som gåve til nokon du er glad i – eller til personar som ikkje lenger er med oss, men som fortener å bli hugsa som ein del av Os Turnforening si historie. Du bestemmer sjølv kven sitt namn som skal på veggen.
Få namnet ditt på OsVeggen og bli ein del av klubben si framtid og historie!
Slik kjøper du plass på OsVeggen
VIPPS: Søk opp Os Turnforening eller bruk #614265 og følg instruksjonane for bestilling. Merk betalinga med «OsVeggen + namnet som skal stå på veggen»

Bankoverføring: Om du ikkje har Vipps, kan du betale til kontonummer 3631.07.10533. Merk betalinga med «OsVeggen + namnet som skal stå på veggen».
Bedrift: Ta kontakt på post@osturn.no og vi sender faktura.
Prisen på kroner 5000 er eks MVA.
Har du spørsmål eller ønsker å bidra med meir?
Ta kontakt med dagleg leiar Vegard Leikvoll Moberg på e-post: post@osturn.no

Sparebanken Norge har bidratt med 3.000.000 ,-



Kommentarer