top of page

Oppstart av renovering av klubbhus og garderobar på Kuventræ

  • Vegard Leikvoll Moberg
  • 12. jan.
  • 1 min lesing

Os Turnforening set no i gang eit etterlengta renoveringsprosjekt av klubbhus og garderobar på Kuventræ. Etter lang tid med grundig planlegging og førebuingar kan klubben endeleg starte arbeidet. Oppstart av dugnadsarbeid knytt til riving skjer laurdag 17. januar, og frå og med måndag 19. januar vil entreprenørar setje i gang arbeidet.

Klubben har vore tydeleg på ønsket om å nytte eigne sponsorar i prosjektet så langt det let seg gjere. Aarvik Byggmester AS er vald som totalentreprenør for renoveringa, og vil engasjere fleire underentreprenørar - der mange òg er sponsorar av Os Turnforening.

Renoveringa er mogleggjort gjennom avgjerande støtte frå Sparebanken Norge, saman med viktig ekstern hjelp som har vore heilt sentral for realiseringa av prosjektet. I tillegg bidreg Os Turnforening med eigne midlar frå drifta av Os Sauna, samt prosjektet OsVeggen, der klubben framleis sel andelar.

- Vi er djupt takknemlege for støtta frå Sparebanken Norge og den eksterne hjelpa vi har fått. Prosjektet hadde ikkje vore mogleg utan denne støtta, seier dagleg leiar i Os Turnforening, Vegard Leikvoll Moberg.

- Dette prosjektet er eit godt døme på kva ein får til når frivillige og profesjonelle aktørar jobbar saman. Det betyr enormt mykje for klubben og for framtida til Kuventræ-anlegget. Planen er at renoveringa skal stå ferdig i april 2026, legg han til.

Informasjon er sendt ut til våre medlemmer.

For meir informasjon, kontakt: Vegard Leikvoll Moberg Dagleg leiar, Os Turnforening Telefon: 980 65 998 E-post: dagligleder@osturn.no

Christian Bugge, Endre Brenne, Vegard Leikvoll Moberg

 
 
 

Kommentarer


bottom of page