top of page

Fantastisk dugnadsinnsats

  • Vegard Leikvoll Moberg
  • for 3 døgn siden
  • 1 min lesing

A-lagsspelar på fotballen, Henrik Sperrevik, leverte på eit skyhøyt nivå!
A-lagsspelar på fotballen, Henrik Sperrevik, leverte på eit skyhøyt nivå!

Dei to føregåande laurdagane har Kuventræ vore fylt av ekte dugnadsånd.

Det gjekk verkeleg unna når garderobene skulle ned
Det gjekk verkeleg unna når garderobene skulle ned

Ei stor og engasjert gruppe frivillige har lagt ned ein imponerande innsats for å klargjere garderobar og klubbhus i forkant av entreprenørane sin oppstart.

Det har vore jobba effektivt og målretta med rydding, demontering og førebuande arbeid for å sikre best mogleg framdrift i prosjektet. Innsatsen som er lagt ned desse laurdagane har hatt enorm verdi, og viser kva som er mulig når så mange stiller opp for fellesskapet.

Slik ser det ut i klubbhuset akkurat no!
Slik ser det ut i klubbhuset akkurat no!

Målet er framleis å vere ferdig i april, og vi er svært glade for å ha totalentreprenør Byggmester Aarvik med på laget i det vidare arbeidet.

Slik ser det ut i klubbhuset akkurat no!
Slik ser det ut i klubbhuset akkurat no!

Vi ønskjer å rette ein stor og oppriktig takk til alle som har stilt

opp på dugnad, dette hadde ikkje vore mulig utan dykk. I tillegg vil vi takke alle frivillige som har bidrege gjennom heile prosessen som har gått føre seg gjennom hausten. Det langsiktige arbeidet og engasjementet som er lagt ned over tid har vore heilt avgjerande for at vi no er komt så langt.

Vi er svært takksame for støtta vi har fått frå Sparebanken Norge, den eksterne bidragsytaren og alle som har bidrege til OsVeggen. Ønskjer du å bidra til OsVeggen, sjå lenkje her: OsVeggen - Bli med på laget til Os Turnforening!

 
 
 

Kommentarer


bottom of page