top of page

OsVeggen - Bli med på laget til Os Turnforening!

  • Vegard Leikvoll Moberg
  • for 55 minutter siden
  • 1 min lesing

No har du muligheten til å bli synleg i Os Turnforening sitt renoverte klubbhus - støtt oss og kjøp ein plass på OsVeggen!

Vi skal renovere vårt 50 år gamle klubbhus, og i den forbindelse skal den eine veggen i inngangspartiet dekorerast med namn på privatpersonar og bedrifter som bidreg til prosessen med å få eit moderne og framtidsretta klubbhus.

Ein plass på OsVeggen kostar:

  • 500 kroner for privatpersonar

  • 5 000 kroner for bedrifter

Du kan kjøpe plass til deg sjølv, som gåve til nokon du er glad i – eller til personar som ikkje lenger er med oss, men som fortener å bli hugsa som ein del av Os Turnforening si historie. Du bestemmer sjølv kven sitt namn som skal på veggen.

Få namnet ditt på OsVeggen og bli ein del av klubben si framtid og historie!

Slik kjøper du plass på OsVeggen

VIPPS: Søk opp Os Turnforening eller bruk #614265 og følg instruksjonane for bestilling. Merk betalinga med «OsVeggen + namnet som skal stå på veggen»

ree


Bankoverføring: Om du ikkje har Vipps, kan du betale til kontonummer 3631.07.10533. Merk betalinga med «OsVeggen + namnet som skal stå på veggen». Bedrift: Ønsker du som bedrift å få tilsendt faktura, ta kontakt på post@osturn.no Eventuelt kan vi fikse kvittering viss du betaler direkte via VIPPS eller bank, dersom det ønskes.

Har du spørsmål eller ønsker å bidra med meir?

Ta kontakt med dagleg leiar Vegard Leikvoll Moberg på e-post: post@osturn.no


ree

Sparebanken Norge har bidratt med 3.000.000 ,-

 
 
 

Kommentarer


bottom of page