Til alle medlemmer i Os Turnforening
Det myldrar av god aktivitet på Kuventræ om dagen der alle lag og grupper er i full sving med siste del av fotballlsesongen. I tillegg til god lagsaktivitet har me rekord påmelding på FFO, Akademi og Toppidrett som er veldig kjekt (rundt 170 born og unge på ekstratiltak kvar veke)!
Den kommande tida skjer det og mykje anna spennande:
FOTBALLSTART 2019 KULLET
Kommande torsdag 17.oktober 1700-1800 er oppstartsøkt for alle jenter og gutar født 2019. Hjelp oss spre budskapet til dei med born dette året :)
JENTEFOTBALLDAGEN 2024
19.oktober skal me saman med alle klubber i Bjørnafjorden arrangere Jentefotballdagen 2024. Sjå link for meir informasjon og påmelding! BLI MED!
Midtsiden Cup 2024
9.november skal me arrangerer tradisjonsrike Midtsiden Cup som er ein gatecup for vaksne med god stemning og mykje moro :). Sett saman nabolag, vennelag eller bedriftslag og hiv deg med på fotballfesten! Link for meir informasjon og påmelding:
Me er ellers i gang med evaluering og planlegging inn mot sesongen 2025. Om du har noko på hjarta du vil spele inn til oss så gjer gjerne det!
Me treng opne og ærlege tilbakemeldingar!
Daglig Leder Endre Brenne: endre@osfotball.no
Styreleder Kine Lunde: styreleder@osfotball.no
コメント